lørdag 31. oktober 2009

Kronikk - en teaser

Solveig Grødem Sandelson, debattleder i Stavanger Aftenblad, gir avisens lesere en aldri så liten kronikkteaser i dag... Har klippet og limt den inn nedenfor:

DU HAR NOK fått det med deg nå. Akkurat som eg. At Karita Bekkemellem har skrive bok, at faren var alkoholikar, at ho sleit med spiseforstyrringar, har prøvd å ta livet sitt, og at ho syns statsministeren var ein feig og unnvikande sjef då ho trengde han som mest. Dessutan har me vel fått nyss om at tidlegare statsråd frå same parti, Bjarne Håkon Hanssen, nå skal sko seg på alt han fekk vita og dei han lærte å kjenna som statsråd, i det nye PRfirmaet sitt. Det er forresten bare å
bla to sider lenger fram i avisa du les nå, for å bli heilt oppdatert.

At Märtha trur på englar, er vel heller ikkje noko å skriva heim om lenger – ho har nettopp skrive bok om det sjølv. Og dessutan målt auraen til Fredrik Skavlan i beste sendetid, som det heiter, og fortalt at ho trur nok på spøkjelse også.

Det var vel veka her heime. I alle fall viss me legg til svineinfluensavaksinefokuset, som alle norske mediehus var skeptiske til for litt sidan. Denne veka har me alle vore skeptiske til at den ikkje kjem fort nok, skeptiske til for få vaksinar, vaksinar til feil folk, til toppleiing i staden for operativt helsepersonell, til friske som pressar seg forbi risikosjuke, til legekontor som ikkje heilt veit korleis dei skal handtera rushet, sjølv om
dei vel må ha ant at noko var i gjære, til sjølve viruset som kanskje har utvikla både horn og hale før det inntok akkurat vårt land.

Nå kan me vel begynna på neste veke? Over helga kan du her på debattsidene i Aftenbladet lesa statsvitar og far Svein Tore Marthinsen sine tankar om barnehage
eller ikkje. For sonen sin, som snart rundar eitt år. Han skriv om sosialisering, samarbeid og språkopplæring. Om støynivå og vaksenkontakt og sjukmeldingar og
mange barn på få kvadratmeter. Statistikaren veit også kor mange
av dei 270.000 barnehagebarna i Norge som er i barnehagen 40 timar i veka eller meir. Kan du gjetta kor mange det er? Men viktigare – kva meiner du? Statsministeren
meinte i 2005 at dei som ikkje valde barnehage, valde feil. Den nye kunnskapsministeren, Kristin Halvorsen, meiner kontantstøtte er å lønna det motsette av det som er best, både for samfunnet og for enkeltmenneska. Skal staten styra
kva som er best for barna våre? Eller skal staten subsidiera alle som
er saman med barn på dagtid, anten dei er offentleg tilsette i barnehagar
eller heimeverande foreldre? Og kan me ta den debatten utan å trekkja dei andre sine motiv i tvil, eller lesa alle argument som personangrep på oss som foreldre?

Kva Marthinsen vel, kan du lesa om på måndag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar