mandag 12. oktober 2009

– Og valvinnaren er SV, sa NRK

Jeg ble intervjuet av Dag og Tids JOn Hustad et par dager etter valget. Siden det tilhører sjeldenhetene å bli sitert på nynorsk, så har jeg - til eventuell ære for mulige nynorske fans, tatt meg den frihet og lime inn hele intervjuet under her.


– Eg er redd mange ikkje lenger tek meiningsmålingar på alvor
og ser dei meir som underhaldning, seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen.


Det vert stadig fleire meiningsmålingsbyrå her til lands, men konkurransen ser ikkje ut til å hjelpa. Også denne valnatta og denne valkampen vart prega av kaos og feilinformasjon. Svein Tore Marthinsen er statsvitar og frittståande valanalytikar.
Både meiningsmålingsinstitutta og -instituttet er vel diskrediterte
etter dette valet?
– Vel, det sprikjer, og det sprikjer mykje. Nokon har teke feil. Særleg valdagsmålinga som NRK presenterte, bygde ikkje nett opp under tilliten.
Kva er det som skjer i eit tilfelle som NRK, korleis kan dei presentera ei måling som for dei fleste observatørar står fram som vås?
– Eg har fylgt meiningsmålinga tett, og det byrået som NRK nytta, Synovate, har konsekvent gjeve ekstremt høge tal for SV, mykje høgre enn alle andre har gjort. Anten måtte dei ha rett, eller alle andre ha teke feil, eller så må metodane deira vera feil. Det var det siste.
Kva slags metode ser ut til å vera best, berre spørja folk ved vallokala, ringja rundt til folk utan førehandsavtale eller med slik avtale?
– Det er det vanskeleg å seia noko sikkert om; byråa er ikkje særleg viljuge til å fortelja om kva slags metodar dei nyttar. Men byrået som TV 2 nytta, Gallup,
spurde, så vidt eg har forstått, folk ved vallokale og ringde rundt til folk utan førehandsavtale, og TV 2 råka best med si måling, som dei gjorde i 2005 og 2007. NRK har nytta fleire byrå og har vorte knust av TV 2 i tre val på rad. Men InFact, som VG nytta, var heller ikkje så langt unna det endelege resultatet, medan Synovate
altså hadde SV på nesten 10 prosent og Ap ned på 31-talet.
Kor store er valdagsmålingane, kor mange vert spurde?
– I ei vanleg meiningsmåling spør byråa rundt tusen, medan valdagsmålingane har rundt to tusen, som normalt sett skulle redusera feilmarginane, men om metodane er skeive, så hjelper det lite å spørja fleire.
Men også i valkampen var det store sprik mellom byråa, og det kan nesten verka som om ein kan få dei resultata ein ynskjer?
– Det er å draga det for langt. Kvart byrå har tru på den metoden
dei nyttar, men det er openbert at metodane er ulike, og at dei difor kjem til ulike tal. Men eit vel så stort problem er at media overdriv: Dei legg stor vekt på oppgang eller nedgang som ligg godt innanfor feilmarginane, til dømes eitt prosentpoeng opp eller ned. Då får vi høyra at partiet «fossar fram». Men eg har inga tru på at byråa er politisk motiverte: Det byrået som til dømes A-pressen nytta, Opinion, gav Ap altfor låge tal.

Torsdag før valet gav dei partiet 28 prosent. Til gjengjeld gav dei Frp altfor høge tal.
Men evna til sjølvkorrigering verkar låg. Har byråa ei for stor eigedomskjensle til eigne metodar?
– Kanskje, men det underlege er kanskje heller skorten på mynster over tid. NRK har nytta fleire ulike byrå til valdagsmålingane, men likevel har dei hatt skivebom tre val på rad. Men vi som har fylgt med og sett Synovates meiningsmålingar, venta at NRKs valdagsmåling kom til å gje feil tal. Og det må ha vore ei merkeleg oppleving for dei som sat i NRK-studioet å måtta kommentera SVs framgang, og endå underlegare må det ha vore for Halvorsen å taka imot enorm jubel på SVs valvake på basis av målinga til NRK. Dei fleste venta eit dårleg val for SV, og fasiten var då også eit katastrofeval.
Kan vi kalla det som går føre seg, for vitskapleg? Når metodane
er forretningsløyndomar, så vert dei heller ikkje eksponerte, og vi får ikkje eit vitskapleg ordskifte?
– Eg vil tru at dei dramatisk ulike resultata pressar fram ei evaluering og ein open diskusjon. No er meiningsmålingsinstituttet diverre låtteleggjort av di ein får eitt resultat i eitt medium og eit heilt anna i eit anna medium. Eg er redd mange ikkje lenger tek meiningsmålingar på alvor og ser det meir som underhaldning.

2 kommentarer: